Oracle Presentation Minimizer

Fra IThjelp
Fritt program
Bruksområder
Utviding til OpenOffice.org som hjelper deg å tilpasser storleiken på ein presentasjon
Kort om programmet
Hjemmeside OpenOffice.org Extensions
Lisens LGPL v2
Tilsvarende program Microsoft PowerPoint
Tilgjengelige plattformer WinLinuxMac OS
Pakket av IT-avdelingen Nei. Utviding til OpenOffice.org. Den einskilde brukar kan installere dette.

Lag ein liten versjon av presentasjonen din

Oracle Presentation Minimizer hjelper deg med å lage ein versjon av presentasjonen din som er passe stor i høve til det du skal nytte henne til.

Med denne utvidinga til OpenOffice.org Impress får du ein eigen knapp som heiter Krymp presentasjonen. Ei klikk på denne startar ein trollman som hjelper deg med å krympe presentasjonen din slik at den passar til nett det du skal bruke han til, anten det er publisering på verdensveven eller bruk i ein forelesing. Fire enkle steg lar deg velge korleis du vil krympe presentasjonen, og kva du vil gjere med han til slutt.

Det er ingen veg tilbake

Hugs for all del på at denne krympinga ikkje kan gjerast om. Lag difor gjerne ein kopi av presentasjonen din først (Fil => Lagre som ...). Det kan òg vere lurt å merke av i feltet Lag ein kopi av presentasjonen før endringane.

Tips:

Viss du, som eg, ikkje liker at knappen for krymping "ligger over" deler av innhaldet i vindauget til Impress, kan du "ta tak i tittellina med namn Minimerer og dra henne opp ved sidan av dei andre verktylinene i Impress. Ho vil då "legge til kai" her.