Diskusjon:Windows 7 på UiB-PC
Kommentar til endring 2011-10-04T07:50:27:
Hei, Frode
Fint at du forbetrar! :)
Det var ein liten ting som var betre på ein måte, men ikkje passa heilt inn med ein annan ting, som vi kanskje kan finne ei god løysing på..:
- Den eine hovudoverskrifta heiter "Hvilke PC-er kan bruke Windows 7?". Eg tenkte at dette kunne svarast på med tre overskrifter og tilleggsinfo. Overskrifta "PC-er uten inkompatible programmer" slik eg hadde skrive den var ikkje god. Den du laga er betre, men er ikkje eit direkte svar på spørsmålet / eit kriterium for å kunne installere Windows 7 på pc-en. Ein måte å gjere det på er å omformulere hovudoverskrifta også. Kva med følgjande hovudoverskrift (ja/nei-spørsmål) og underoverskrifter (men rekkjefølgja kan eventuelt også endrast)..?
- Kan min pc få Windows 7?
- Anbefalte pc-er nyere enn 2007
- Noe programvare virker ikke i Windows 7
- 64-bits
Eg lurer også litt på om kanskje avsnittet om krav om prosessor som støttar 64-bits OS skulle vore omskrive/utvida..? Det må vere korrekt samtidig som det bør vere forståeleg og nyttig for vanlege brukarar. Alternativt kan det for eksempel også stå noko om at BRITA kan sjekke dette om dei ikkje skjønar bæret av dette.. ;) Er det eit problem at brukarar vil ha Windows 7 på pc-ar utan 64-bits-støtte? Om ikkje, er det kanskje ikkje sikkert vi treng denne infoen på denne sida?
--Jostein Mork 5. okt 2011 kl. 10:54 (UTC)