Trådløs pilot på flyplassen

Fra IThjelp
Sideversjon per 31. jul. 2013 kl. 08:59 av Edpjm (diskusjon | bidrag) (La til eit kort avsnitt om Internett undervegs)

Studentar og tilsette kan no surfe gratis med eduroam på 19 norske flyplassar (sjå liste). Dette er ei prøveordning frå juli til desember.

Du skal få automatisk tilkopling til eduroam, om du også gjer det på universitetet. Det er ikkje sett noko grense for bruk, verken i tid eller kapasitet.

Oppsett for eduroam finn du her i IT-hjelp.

Ordninga er eit samarbeid mellom Uninett og Avinor. Etter pilotperioden vil ei evaluering vise om dette blir ei permanent teneste. Del gjerne dine erfaringar på denne diskusjonssida eller på bs.uib.no.

På sjølve reisa er det også mange stader gratis/inkludert tilgang til Internett, både på fly, tog, bane, buss og båt. Men dekninga kan variere.


Flyplassar i Noreg med eduroam:
Alta

Bardufoss
Bergen (Flesland)
Bodø
Harstad/Narvik
Haugesund
Kirkenes

Kristiansand (Kjevik)

Kristiansund
Lakselv
Mo i Rana
Molde
Oslo (Gardermoen)

Stavanger (Sola)

Stokmarknes
Svalbard
Tromsø
Trondheim (Værnes)
Ålesund


Meir om eduroam på norske flyplassar: