Brukarkonto for studentar

Fra IThjelp
Sideversjon per 19. jan. 2010 kl. 17:06 av St06047 (diskusjon | bidrag) (Ny side: {{Autoritativ informasjon}} {{Trenger gjennomgang}} == Brukarkonto for studentar == Som student ved UiB må du ha tilgang til datatenester for å kunne gjnnomføre studiane dine. For...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Informasjon.gif Autoritativ informasjon! Denne siden inneholder informasjon som er autoritativ og vedlikeholdes av IT-avdelingen.


Viktig melding.gif Trenger gjennomgang Denne artikkelen trenger muligens oppdateringer og/eller endringer.



Brukarkonto for studentar

Som student ved UiB må du ha tilgang til datatenester for å kunne gjnnomføre studiane dine. For å kunne nytte deg av desse tenestene, må du opprette ein eigen brukarkonto ved UiB.

Brukarkonto ved UiB gir deg:

  • Personlege sider - Mi side - med bl.a. tilgang til nettbaserte læringsressursar og relevant undervisningsinformasjon.
  • Eiga e-postadresse med god lagringskapasitet og moglegheit til å bruke epost i nettlesaren din.
  • Eige lagringsområde på server med backupteneste.
  • Tilgang til PC-stover med utskriftsmoglegheiter.
  • Oppkopling til Internet og UiB sitt nettverk frå eigen PC ( Oppringt, ADSL eller trådlaust).
  • Ein konto som også kan koplast opp mot MSN.
  • Tilgang til internett ved andre forskings- og utdanningsinstitusjonar via Eduroam.


Studentar opprettar kontoen sin sjølv på IT-avdelinga sine sentrale datamaskiner ved å bruke systemet Sentral Brukeradministrasjon - SEBRA. Her kan ein også bytte passord.


Nye studentar

Når du har tatt imot tilbodet om studieplass og registrert deg, må du opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følgje instruksjonane der.

Dette bør du gjere så raskt som mogleg etter at du har registrert deg. Merk at det kan ta inntil ein time frå du har registrert deg til du kan opprette brukarkonto.

NB! Du må ha fødselsnummer, studentnummer og pinkode for å kunne opprette brukarkonto. Studentnummer og pinkode finn du på tilsendt giro for betaling av semesteravgift. Sørg for at du har desse tilgjengeleg.

OBS! Dersom du ikkje har betalt semesteravgifta innan 1. september vil brukarkontoen automatisk bli avslutta.

Rekvirer konto no!


Studentkonto for tilsette

Tilsette som blir studentar vil ikkje automatisk kunne opprette studentkonto så lenge dei har konto som tilsett. Om ein opprettar ein sak på https://bs.uib.no, så kan SEBRA opprette studentkonto om semesterregistrering og semesteravgift er i orden.