Brukarkonto for studentar

Fra IThjelp
Sideversjon per 2. mar. 2010 kl. 21:36 av Mihho (diskusjon | bidrag) (Muligens ikke nødvendig å merke siden med autoritativ informasjon. Låses bør den dog)

Verifisert av IT-avd. Innholdet er verifisert korrekt av mgmjv ved IT-avd. 02.mars 2010.

Brukarkonto

Som student ved UiB må du ha tilgang til datatenester for å kunne gjennomføre studiane dine. For å kunne nytte deg av desse tenestene, må du opprette ein eigen brukarkonto ved UiB på SEBRA.

Brukarkonto ved UiB gir deg:

  • Personlege sider - Mi side - med bl.a. tilgang til nettbaserte læringsressursar og relevant undervisningsinformasjon
  • Eiga e-postadresse med god lagringskapasitet og moglegheit til å bruke epost i nettlesaren din
  • Eige lagringsområde på server med backupteneste
  • Tilgang til PC-stover med utskriftsmoglegheiter
  • Oppkopling til Internet og UiB sitt nettverk frå eigen PC (ADSL eller trådlaust)
  • Ein konto som også kan koplast opp mot MSN
  • Tilgang til internett ved andre forskings- og utdanningsinstitusjonar via Eduroam


Nye studenter

Når du har tatt imot tilbodet om studieplass og registrert deg, må du sjølv opprette ein brukarkonto. Det gjer du ved å gå inn på sebra.uib.no og følgje instruksjonane der. Her kan ein også bytte passord.

Dette bør du gjere så raskt som mogleg etter at du har registrert deg. Merk at det kan ta inntil ein time frå du har registrert deg til du kan opprette brukarkonto.

NB! Du må ha fødselsnummer, studentnummer og pinkode for å kunne opprette brukarkonto. Studentnummer og pinkode finn du på tilsendt giro for betaling av semesteravgift. Sørg for at du har desse tilgjengeleg.

OBS! Dersom du ikkje har betalt semesteravgifta innan 1. september vil brukarkontoen automatisk bli avslutta.


Rekvirer konto no!


Studentkonto for ansatte

Tilsette som blir studentar vil ikkje automatisk kunne opprette studentkonto så lenge dei har konto som tilsett. Om ein opprettar ein sak på https://bs.uib.no, så kan SEBRA opprette studentkonto om semesterregistrering og semesteravgift er i orden.