Informasjon om undervisningsrom

Fra IThjelp

Her ligg informasjon til forelesarar om bruk av auditorium og andre undervisningsrom.

Bestilling av auditorium og undervisningsrom

Bestilling av auditorium/undervisningsrom skjer via kontaktpersonar på fakultet/institutt/avdeling (Studiekonsulent eller Infosenter).

Viktig: Eksterne forelesarar som ikkje har uib-konto (tilsett eller student) og skal nytta PC som er i undervisningsommet må få ein kurskonto (sjå under). Dei som organiserer undervisninga må sørge for at forelesarar får kurskonto. Lokalt brukarstøttepersonell (PC-vakter) kan ikkje lage slik konto.

Det er viktig at områdeansvarlege på fakultetet får beskjed i god tid om kva programvare/operativsystem som skal nyttast i undervisninga. Dette gjeld både i PC-stover og auditorier.

Programvare

  • ''''''' Dersom ein skal nytte programvare i eit semesterkurs som ikkje var nytta i føregåande semester ber me om at forelesar sender ei liste over programvaren til dei områdeansvarlege ved kvart fakultet før semesterstart. Det same gjeld dersom ein ynskjer nye versjonar og oppdateringar.
  • Om ein skal bruke programvare som ikkje er installert så må det seiast ifrå minst 2 veker på førehand slik at programvaren kan klargjerast for distribusjon til dei aktuelle maskinene.
  • Hugs at ein alltid skal ha testa oppsett på maskiner eit par dagar i førevegen før kursstart. All programvare skal testast av ein kyndig person innanfor spesifikke program. Full brukaroppleving av eventuelle kurskonto, tilsettkonto eller studentkonto bør testast.

Om punkta over ikkje er følgt er ein ikkje garantert å få "på staden hjelp" om ein står fast midt i eit kurs.

Kurskonto

Kurskontoar skal brukast av eksterne ( personar som ikkje har tilsett- eller studentkonto) som treng tilgang til pc i auditorium/undervisningsrom eller pc-salar. Kontoen kan også brukast til å autentisera seg i det trådlause nettet. IT-avdelinga krev at ein gjev informasjon om kvar av dei eksterne brukarane som skal nytte dataanlegget eller kople seg til det trådlause UiB nettet. Kontoen kan maksimum 30 dagar og vil vere tilgjengeleg straks den er generert via prosedyren under. Alle tilsette ved UiB kan lage kurskontoar ved å nytte følgjande prosedyre:

  • Opne SEBRA (http://sebra.uib.no)
  • Vel "Min Konto > Ansatt"
  • Logg inn med dine brukardata
  • På menyen til venstre, vel "Jeg søker tilgang > kurskonto"
  • Du kan no lage kurskontoar for kursdeltakarar (maks 30 dagar)

Kurskontoar vert laga i student-domenet. Sjå også http://www.uib.no/persok/Sebra/Opprette_kurskonto.htm. Dersom dei skal nyttast på maskiner med GNU/Linux må ein senda epost til sebra@it.uib.no med liste over dei brukerid/kontoar som skal bruke linux-klient.

PC-vakter

I nærleiken av PC-stover/Auditorium ved kvart fakultet sit det PC-vakter. Oppgåvene til PC-vaktene er:

  • Lokal brukarstøtte i auditorium og undervisningsrom.
  • Hjelpe studentane med bruk av dataanlegget.
  • Skal ikkje hjelpe studentane med fagspesifikke problem og oppgåveløysing.
  • Kan ikkje lage kurskontoar.

Ein oversikt over PC-vakter og opningstider finn du i studentportalen' ' under I KT'''''''. '''''''

Digitalisering av undervisningsmateriale i eldre format

Dias lysbilete og video-kassettar i alle format som vert brukt i undervisninga kan digitaliserast og overførast til CD/DVD/PC for enkel framvising med PC og projektor. IT-avdelinga vil anbefale dette, både sidan gamalt undervisningsutstyr er sårbart, og fordi digitalisering er ein måte å ivareta og forlenge levealderen til det aktuelle materialet. Det finst fleire bedrifter som tilbyr denne tenesta. Den nærmaste er ASVO Bergen AS i Industrihuset på Møhlenpris.

Utskriftsvenleg undervisningsmateriale

For presentasjonar som studentane skal skrive ut tilrår vi:

  • Bruk ikkje mørke farger og bakgrunnar.
  • Bruk tekst på kvit bakgrunn.
  • Pass på at filstorleiken på bilete og grafikk ikkje er svært store.'

'

Demonstrasjon av utstyr i undervisningsrom

PC-vaktene kan gi ei innføring i bruk av utstyret i undervisningsrom i forkant av bruken. Ta kontakt med PC-vakt på fakultetet for å avtale tidspunkt. Bruk telefonnumra i oversikten "Auditorier og undervisningsrom".' '

Kontakt oss

' ' PC-vaktene fungerer som 1.linje støtte i auditorium og undervisningsrom. Kvart fakultet har i tillegg områdeansvarlege som fungerer som 2.linje støtte, og som har ansvar for brukarstøtte i undervisningsromma. Ei oversikt over desse finn du under. I tillegg har vi ein vakttelefon som roterer mellom dei områdeansvarlege, med telefonnummer 55588587. Dersom du har problem eller lurer på noko om bruk av auditorium/undervisningsrom kan du kontakte oss. Konkrete problem skal meldast inn i Issuetrackeren på http://bs.uib.no .

Liste over områdeansvarlege: