Trådløs pilot på flyplassen

Fra IThjelp
Sideversjon per 30. jul. 2013 kl. 14:46 av Edpjm (diskusjon | bidrag) (Edpjm flyttet siden Eduroam på flyplassen til Gratis Internett på flyplassen: Ikkje alle veit kva eduroam er. Tek vare på omdirigeringa)

Studentar og tilsette kan no surfe gratis med eduroam på 19 norske flyplassar (sjå liste). Dette er ei prøveordning frå juli til desember.

Du skal få automatisk tilkopling til eduroam, om du også gjer det på universitetet. Det er ikkje sett noko grense for bruk, verken i tid eller kapasitet.

Oppsett for eduroam finn du her i IT-hjelp.

Ordninga er eit samarbeid mellom Uninett og Avinor. Etter pilotperioden vil ei evaluering vise om dette blir ei permanent teneste. Del gjerne dine erfaringar på denne diskusjonssida eller på bs.uib.no.


Flyplassar i Noreg med eduroam:
Alta

Bardufoss
Bergen (Flesland)
Bodø
Harstad/Narvik
Haugesund
Kirkenes

Kristiansand (Kjevik)

Kristiansund
Lakselv
Mo i Rana
Molde
Oslo (Gardermoen)

Stavanger (Sola)

Stokmarknes
Svalbard
Tromsø
Trondheim (Værnes)
Ålesund


Meir om eduroam på norske flyplassar: